top of page

Alle produkter som vi produserer sjølv skal merkast før dei vert lagt til lager.

Haldbarheitsdato er viktig, for eigenproduserte varer skal følgjande reglar  følgjast:

​

  • Sausar                        6 veker

  • Supper                       6 veker

  • Brennsnut/lapskaus  6 veker

  • Grøter                        6 veker

  • Frikase                       5 veker

  • Fårikål                        5 veker

  • Sosekjøtt                   6 veker

  • Kålstuing                    5 veker

  • Kålrotstappe              5 veker

  • Grønsakstuing           5 veker

  • Erterstuing                 5 veker
     

Dette er forutsatt at temperaturen på kjølerommet der varene vert lagra er 2 grader eller mindre.
 

Frysevarer, rettar som vi har laga som eignar seg til å fryse, samt rettar vi ikkje treng å varmebehandle
før vi sender dei vidare.

 

  • Frysevarer                  6 MND.

    NB! Bak haldbarheitsdatoen må det stå . (fryst)


     

Etikettane for egenproduserte produkter skal innehalde:
 

  • Namn på avdeling

  • Kva produkt det er

  • Info om oppbevaring

  • Info om tilbereding

  • Bruksdato

  • Pakke/produksjonsdato

  • Holdbar til, dato

  • Mengd pr. porsjon

  • Produsent

  • Allergener merka med fet kursiv.
     

Etikettar for ompakka produkter skal ha same info.
Med «ompakka» produkt meiner vi ferdig produkt frå industrien, så som: kjøttkaker, fiskekake, karbonade, fiskebollar osv. Desse vert pakka om og tilpassa den enkelte avdeling sitt behov.

 

Merking til heimebuande sine middagar.
 

Heimebuande sine middagsbeger skal ha følgjande info på etiketten:

  • Namn på retten

  • Info om oppbevaring

  • Info om tilbereding

  • Bruksdato

  • Pakke/produksjonsdato

  • Holdbar til, dato

  • Mengd pr. porsjon

  • Produsent

  • Allergener merka med fet kursiv.
     

Eigen produserte og ompakka innkjøpte kaffi mat/kaker merkes slik:
 

  • Namn på kaka

  • innhald

  • Bruksdato

  • Pakke/produksjonsdato

  • Holdbar til, dato

  • Produsent

  • Allergener merka med fet kursiv

Dei aller fleste kakene er frysevare.

 

«Leftovers»: andre rester, krafter osv.
 

Alt som vert sett på kjøl eller frys for mellomlagring, skal merkast, det skal ha følgjande merking:

  • Kva det er

  • Kva dato det er satt inn på kjøla

  • Haldbarheitsdato
     

Er det varer på kjøl eller frys som ikkje er merka er det som søppel å betrakte.
Umerka varer skal kastast.

MERKING AV EGENPRODUSERTE VARER TIL AVDELINGANE OG HEIMEBUANDE.

bottom of page